Vidar Kvalshaug TRAMPOLINELAND

Fortellingen om en roman som ble lagt bort og annen litteratur

Vil mykje, kjem ikkje nær nok

leave a comment »

Publisert i Aftenposten 2011

RUTH LILLEGRAVEN

«Mellom oss»

Roman , Tiden

 

Distanserte menneske i roman som ikkje er nær nok for lesaren

Romanen har mykje på sine 250 sider: Tre generasjonars historier som blir fletta saman, ei handling som strekk seg mellom Santiago, Oslo, konsentrasjonsleiren Natzweiler og garden Bakkatun på Vestlandet. Fellesnemnaren er at alle personane har løyndomar overfor kvarandre og avstand mellom seg, både fysisk og psykisk. Eit av dei er presist oppsummert slik:

På eitt eller anna tidspunkt har noko fordampa frå forholdet deira for aldri å kome attende. Kroppane er avmagnetiserte, energien borte. Det har blitt eit ømt punkt dei ikkje pratar om, som berre ligg der som ei stump sorg mellom dei. Eit tørt og kjølig tema, umogleg å gjere noko med.

Hovudpersonen Tonje er inneprostituert i Oslo. Ein uventa graviditet fører ho først til abortstova, sidan vestover, heimover. Mora Ranveig planlegg å starte livet sitt igjen, å blåse liv i det gamle funkisforfalle hotellet Fjordgløtt. Faren og ektemannen Svein forsvann i Santiago, Chile i 1972. Forsvinninga er ikkje den einaste gåta, og det går i ei rasande fart, truleg for fort.

Eg mistenkjer at Lillegraven har vore så travel med å få på plass den finurlege handlinga og alle personane som er framande overfor kvarandre, at ho har gløymt å komme nær lesaren. Korkje Tonje, mora eller bestefar Jakob er spesielt djupt teikna, og det er ikkje mykje ved dei og deira personlege brottsjøar som rører lesaren.

Ei anna innvending er dei korte kapitla, brå skifta mellom forteljarpersonar og hoppa i tid. Romanen kunne stått seg på ein nøytral tredjepersonsforteljar som rissa alles historier og fletta dei enda betre saman. Alle veit at ein matrett kan reddas av ein stor smørklatt, og denne romanen kunne gjeve eit helt anna inntrykk om han hadde hatt meir varme, fleire kjensler lesaren trudde på og våga å dvele ved det store spørsmålet: Når er det for seint å rette opp noko som er skakt?

Da Ruth Lillegraven debuterte med forteljande, hoppande, langstrofa poesi i «Store, stygg dikt  i 1995, kunne ein ane at ho hadde meir på lager. Det er seks år sidan.

La oss håpe at Ruth Lillegraven senker skuldrane og ikkje ventar seks år til. Ho har det i seg, men «Mellom oss» er ikkje heilt der ho skal vere. Romanen kjem ikkje innanfor skjorta på lesaren.

 

Advertisements

Written by Vidar Kvalshaug

08.07.11 kl. 11:06

Publisert i Uncategorized

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: